Sven Nyhus Kvartett
Legendariske Sven Nyhus kvartett vart starta i 1969, og har i godt over 50 år vore eit av de mest toneangjevande og sentrale orkestra innan folkemusikk og gamaldans. Gruppa har medverka på ein ukjend mengde radio- og fjernsynsprogram, dei har spelt på dei fleste større festivaler og folkemusikkarrangementer både i inn- og utland, og ikke minst har dei spelt til dans for danseglade folk over hele landet. To spellemannpriser har dei motteke, samt fleire nominasjonar.
I 2024 gjenoppstod kvartetten att, denne gongen med Sven si dotter, Åshild Breie Nyhus, som solist. Kvartetten spelar framleis det same, kjende repertoaret, med fele og hardingfele som bærande element, og fører soleis arven etter Sven vidare.
Åshild Breie Nyhus - fele og hardingfele
Tore Løvgreen - trekkspill
Tor Bekkelund - gitar
Tom Willy Rustad - kontrabass
Glåmos Spelemannslag
Sist dei var på Riksscenen var for å feire 90-årsdagen til Sven Nyhus og også denne kvelden blir i Sven si ånd. Med fele og harpeleik har Glåmos Spelemannslag sett fart på dansegolvet i 75 år. I jubileumsåret har dei vore svært aktive og dei kjem til Riksscenen med sitt evigunge polsrepertoar.
Buss for Tog
Buss for Tog stiller som vanleg når det er duka for dansefest på Riksscenen. Det er dei gamle kuratorane for dansefestane som gøymer seg bak reservenavnet, og i beste VY-stil, skal dei freiste å pense seg inn på gamaldanssporet utan for mange signalfeil, avsporingar og forseinkingar.
Inge Gjevre - torader
Andreas Ljones - fele
Asgaut Bakken - gitar