Michael McGoldrick og Tim Edey er noko av det næraste du kan kalle ein superduo og sleppe unna med det. Dei to, som møttest for fyrste gong i 1996, er begge verdskjende for sin virtuositet, sine innovative tilnærmingar og sine eksepsjonelle musikalske kvalitetar.
Michael McGoldrick er ein særs gåverik multiinstrumentalist og komponist. Han er fødd og oppvaksen i Manchester med irske foreldre, og uvikla seg til å bli ein sann meister på trefløyter, tenorfløyter og uilleann pipes (olbogepipe). Han var med å starta bandet Lúnasa, har vore fast medlem i transatlantic session sidan 2007, har samarbeidd med Mark Knopfler sidan 2009 og har motteke store mengder prisar og utmerkingar.
Tim Edey er av irsk avstamming, busett i Skottland, men vaks opp i Broadstairs i England. Med gitar og torader har han spelt seg rundt heile verda, og har motteke prisar som BBC musician of the year to gonger (!), BBC Radio Two Musician of the year 2012, BBC Scotland Best Traditional musician 2020 og mange fleire. Han har turnert med band og artistar som The Chieftains, Christy Moore, Sharon Shannon, Ross Ainslie, Natalie MacMaster, Altan, Seamus Begley, Dougie Maclean, Kevin Burke, Session A9, Lunasa, Julie Fowlis og Frankie Gavin for å nevne nokre.
Vel møtt til ein duokonsert som har blitt karakterisert som “eit spesielt møte mellom gamle venner som osar av rein musikalsk magi”.