Lúnasa, som tok navnet etter ein keltisk innhaustingsfestival til ære for den irske guden Lugh, har sidan oppstarten i 1997 spelt over 2500 konsertar i 36 land og har solgt meir enn ein kvart million plater!
“the hottest Irish acoustic band on the planet” -The Irish Echo
Lúnasa vart skipa av musikarar frå dei største irske tradgruppene på 90-talet. Dei utvikla raskt sin heilt eigen sound, og med sitt komplekse komp vart dei ein energiboost for publikum over heile verda. Dei har fått “alle” prisar ein kan få, og har blitt eit av dei mest innflytelsesrike banda i tradisjonsmusikkens historie. Dei har samarbeidd med musikarar som Natalie Merchant, Mary-Chapin Carpenter og sjølvaste Tim O'Brien, og halde høgprofilerte konsertar på The Hollywood Bowl, New Yorks Carnegie Hall og Glastonbury Festival for å nevne nokon.
Dagens besetning i Lúnasa er Trevor Hutchinson, han vart verdskjend som bassist i The Waterboys. På sekkepipe, Cillian Vallely, som var medlem av kompaniet Riverdance og har spelt inn med t.d. Bruce Springsteen. Kevin Crawford var medlem av Mooving Cloud og reiknast som ein av Irlands fremste fløytespelarar. Den prisvinnande felespelaren Sean Smyth spelte med Donal Lunny´s legendariske Coolfin, og til slutt gitarist Ed Boyd som laga seg eit navn på den britiske folkscena gjennom band som Flook, Kate Rusby, and Cara Dillon.
“irish music dream team” - Folk Roots Magazine
Vel møtt til konsert med eit av dei største og viktigste banda tradisjonell irsk folkemusikk har fostra!