Cuas - nytt, friskt og ungt tilskot på den irske folkmusikkscena!
Méabh Ní Bheaglaoich (trekkspel, vokal), Nicole Ní Dhubhshláine (concertina, fløyter), Niamh Varian-Barry (fele, bratsj, vokal) og Kyle Macaulay (gitar, bouzouki) samla seg for fyrste gong tidleg i 2023. Dei danna då Cuas, eit kollektiv som framfører og feirar den ville og mangfoldige musikktradisjonen frå West Kerry. Inspirert av alt frå dei emosjonelle songane i området til levande dansetradisjonar posisjonerer gruppa seg som bindeledd mellom musikarane og tilhøyrarane, med andre ord midt i formidlinga!
Dei slapp sitt sjølvtitulerte debutalbum i mai 2024, eit album som vart spelt inn live med familie og venner til stades. Skiva vart godt motteke av både presse og publikum, og kvartetten vart nominert til både prisen som Beste Nykomar og Beste Folkband under RTÉ folk award 2025. Bandet har spelt på festivalar som Tradfest, Other Voices, The Gathering og Féile na Bealtaine i heimlandet, samt ein mengd opptredenar på nasjonal TV, og no kjem dei for fyrste gong til Noreg!
Vel møtt til eit møte med forfriskende polkaer og slides, originale komposisjoner og tradisjonelle West Kerry-songar som vert sprell levande i hendene på fire av Irlands mest spennande musikarar!