Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Norse-Gaels Folk Fest

11. og 12 november inviterer Riksscenen til andre utgåve av Norse-Gaels Folk Fest! To dagar med konsertar, jam, workshops og nokre av dei mest prominente utøvarane innan keltisk musikk. Navnet Norse-Gaels har sitt opphav i tidleg middelalder, og er ei nevning for folket av norrønt og gælisk opphav som regjerte i området rundt irskesjøen og Skottland i over 300 år. Alt på 800-talet byrja busettarar frå Skandinavia å blande gener og språk med innfødde gælarar. Dei miksa lokale skikkar og religion med sitt norrøne opphav, og ut av det kom kulturen Norse-Gaels. Helga er altså vigd keltisk musikk, og for nokon makalause musikarar me skal presentere! Frå Irland og Skottland kjem internasjonale storleikar innan keltisk musikk for å halde konsertar, og det vert sjølvsagt jamsessions til langt på natt kvar kveld.

BILLETTAR: 
 Festivalpass kr 675 + bill.avg.
Gjeld for alle konsertar fredag og laurdag, og gjev gratis workshop laurdag samt sikrar plass på jam i kjellaren etter konsertane begge dagar. 
 Enkeltbillett til konsert med Dervish kr 350/280 + bill.avg
 Enkeltbillett til Andy Irvine kr 240/180 + bill.avg.

 

 

 

Carlos_Sweeney_McCartin
fredag 11. november 2022

CARLOS / SWEENEY / MCCARTIN

“no-nonsense” trio med fele, fløyter og gitar

Starter 19.00
Billett Festivalpass: 675* + bill. avg.
Kjøp billett

Carlos/Sweeney/McCartin er ein energisk og kompromisslaus “no-nonsense” trio som med fele, fløyter og gitar fokuserer på dansemusikk frå den irske tradisjonen. Trioen er sterkt inspirert og påverka av artistar som Matt Molloy, Cathal Hayden, Frankie Gavin og Mike McGoldrick samt band som Planxty, Th...

Denne artikkelen har video
11
fredag 11. november 2022

DERVISH

“Dervish are simply brilliant, they carry Irish history with them”-The Guardian

Starter 21.00
Billett 350/280/ Festivalpass: *675 + bill. avg.
Kjøp billett

Mot slutten av 2019 mottok Dervish den prestisjetunge “lifetime achievement award” fra BBC, en høveleg hyllest til bandet etter over 30 år med innspelingar og konsertar over hele verda. Bandet, som er omtala som "eit ikon for irsk musikk", har spelt på festivaler frå Rio til Glastonbury og har halde...

My project-5[1]
lørdag 12. november 2022

NORSE GAELS FOLK FEST WORKSHOPS

Starter 13.00 (workshops)
Billett Festivalpass: 675* + bill. avg.
Kjøp billett

For dei med festivalpass vert det gratis workshops med Ryan Young / David Foley og Carlos/Sweeney/McCartin (sjå eigne omtaler i programmet) frå kl 13.00 til 15.30  Ta med instrument og lær meir om den keltiske musikkarven! Påmelding til post@riksscenen med “Norse Gaels Workshop” i emnefeltet.  ...

ii_l3x1fvym0
lørdag 12. november 2022

RYAN YOUNG & DAVID FOLEY

opplyftande rytmisk driv og store mengder dynamikk og presisjon

Starter 19.00
Billett Festivalpass: 675* + bill. avg.
Kjøp billett

Ryan Young tek nye impulsar inn i den tradisjonelle skotske musikken med felespelet sitt, og har motteke mengder med utmerkingar samt både nasjonal og internasjonal ros for sine fengslande tolkningar.  “5/5 …a force of nature”  – The Scotsman Ryan har ein master i musikk, og debutalbumet hans ...

Andy irvine
lørdag 12. november 2022

ANDY IRVINE

"Often copied, never equalled"

Starter 21.00
Billett 240/180 Festivalpass: *675 + bill. avg.
Kjøp billett

Andy Irvine (f.1942)  er ein av dei største og mest anerkjende irske songarane som finst! Stemma hans er blant den handfulla som kan titulerast “truly great ones”, ei stemme som tek deg med til sjølve hjartet og sjela til Irland, og mange har uttalt at han utgjer “ein tradisjon heilt åleine”.  An...

Riksscenen.no
Besøk / visit:
Schous Kulturbryggeri, Trondheimsveien 2, Oslo

Post:
Postboks 4784, Sofienberg
N-0506 Oslo, Norway
Org.nr.: 991497137
Følg oss på Youtube Følg oss på facebook Følg oss på twitter
Information in: