I 2026 feirar det irske bandet Téada 25 år på vegen, og markerer eit kvart hundreår som ein av dei viktigaste ambassadørane for tradisjonell irsk musikk på verdsbasis. Bandet er hylla for sin dynamiske spelestil og djupe forankring i dei musikalske røtene, ein kombinasjon som har gjort dei til hovudtrekkplaster på store festivalar over heile kloden.
Sidan starten i 2001 har Téada opparbeidd seg eit rykte som eit formidabelt liveband med ein rekkje imponerande merittar bak seg. Bandet har spelt for eit publikum på over 30 000 menneske i Bretagne og gjennomførte i 2014 ein historisk sju veker lang turné i Japan og Taiwan for meir enn 40 000 tilskodarar. Dei har spelt på alt frå Rainforest World Music Festival på Borneo og Edmonton Folk Festival i Canada, til store konsertar i både Afrika og Midtausten, og overalt har Téada vist at den tradisjonelle irske musikken har ei universell kraft.
Med ein uforminska turnéenergi og ein stadig veksande tilhengjarskare, særleg i USA der dei har vore aktive i to tiår, kjem Téada til scena med ein unik miks av virtuositet og speleglede. Dette er ei feiring av 25 år med tradisjon, fornying og musikalsk handverk på høgste nivå.
Oisin Mac Diarmada - fele
Paul Finn - durspel
Damien Stenson - fløyter
Seán McElwain - gitar, bouzouki
Tristan Rosenstock - bodhrán
Samantha Harvey - piano, dans

