Frå det pulserande musikkmiljøet i Dublin kjem duoen Sárán Mulligan og Muirine Nic Róibín, to musikarar som har markert seg med ei sjeldan blanding av innovasjon og energi. Ved å kombinere konsertina med fele og klarinett, skaper dei eit mjukt og teksturrikt lydbilete. Musikken deira hentar næring frå tradisjonelle røter, men utforskar samstundes nye klangar der tal, mønster og landskap ofte legg grunnlaget for både låtar og arrangement.

Duoen er no aktuelle med debutalbumet sitt, Thugamar an Ghrian Abhaile Linn, som er venta hausten 2026. Med seg på laget har dei to andre framifrå utøvarar, Tadhg Mulligan & Charlotte Lynch, som utfyller og legg enno meir djubde til uttrykket.

Tadhg Mulligan er ein multiinstrumentalist frå ein av dei store irske musikardynastia. Med røter i Leitrim som strekkjer seg fem generasjonar attende, meistrar Tadhg både fele, uilleann pipes og bouzouki. Stilen hans resonnerer med dei store banda frå 1970-talet, som The Bothy Band og Planxty, men med eit tydeleg personleg preg. Tadhg er ein nær samarbeidspartnar med duoen og set sitt særpreg på det kommande albumet.
 

Charlotte Lynch starta si musikalske reise allereie som seksåring. Med bakgrunn frå både klassisk fiolin, cello og irsk folkemusikk, har Charlotte ein brei musikalsk horisont. Ho fann tonen med Mulligan-familien, Sárán og Muirine i 2023, og har sidan vore ein integrert del av deira musikalske fellesskap.

Saman inviterer desse musikarane til ein konsertoppleving prega av virtuost samspel, djupe tradisjonar og ei nysgjerrig utforsking av kva irsk folkemusikk kan vera i dag. 
 
Sárán Mulligan - konsertina
Muirine Nic Róibín - fele, klarinett
Tadhg Mulligan . fele, bouzouki
Charlotte Lynch - fele