Gary Curley og Stephen McKee utgjer den plateaktuelle duoen Chunky Business, som kjem til Norse Gaels som trio i og med at dei har raska med seg sjølvaste John McCartin på gitar.

 

“Their album’s strength lies in how effortlessly they balance cool composure with a sense of burning urgency, creating music that feels both grounded and charged – great stuff from top to bottom” -The Irish Echo

Gary Curley frå County Fermanagh i Nord-Irland, er ein formidabel musiker som trakterer det meste med belg. Han kjem frå ein musikalsk familie, noko som førte han til samarbeid med Dinnie Leonard og ble påverka av folk som Finbarr Dwyer, Darren Breslin og Oliver Deveney. Han har æresgrad av fyrste klasse i musikk frå universitetet i Ulster.

Stephen McKee kjem frå fjellbygda Draperstown i Nord-Irland. Akkurat som Gary vaks han opp i ein musikalsk familie der særleg systera Lisa drog og dytta på han mot det som skulle bli hans særeigne spelestil. Stephen spelar fyrst og fremst tenorbanjo, men trakterer også gitar, fele og mandolin, altså det meste med strenger, på eit særs høgt nivå.

Gitaristen John McCartin treng vel eigentleg ikkje nokok nærare introduksjon for deltakarane på Norse Gaels Folk fest dei åra den har eksistert, han har trass alt spelt kvart år! Han er innehavar av “First Class Honours Master of Arts Degree” i tradisjonell irsk musikk, medlem av bandet Garadice og turnerer med artistar som Frankie Gavin, Dermot Byrne, Paddy Keenan, Donal Lunny og Eleanor Shanley.

 

Gary Curley - torader, concertina
Stephen McKee - banjo
John McCartin - gitar