Langs fjordane kring innlandsøya Osterøy har folkemusikken kome drivande i hundrevis av år, med arbeidsfolk og handelsfolk frå Voss, Hardanger og Nordhordaland. Men òg ein verdensmann som Ole Bull oppheldt seg mykje på øya og sette sitt preg på lokalt musikkliv i generasjonar frametter. 

I mange år var folkemusikken på øya spreidd og knytt til enkeltpersonar, men med den store folkedansbølgja på 1970-talet vart Osterøy spel- og dansarlag (OSDL) stifta. Laget feirar i år 50-årsjubileum og tek no turen til Riksscenen i Oslo for å syna fram aktiviteten heile breidda si. 

Osterøy er i folkemusikksamanheng kjent for å ha særs aktive miljø innom både hardingfele- og toradartradisjonar. I fleire tiår har utøvarar med basis i folkemusikkmiljøet på Osterøy markert seg sterkt med gode resultat på Landskappleiken og Landsfestivalen. 

Med jubileumskonserten vil OSDL syna fram folkemusikken frå Osterøy slik han er i dag og slik han har vore, samt syna kven og kva OSDL er i dag. Publikum vil få sjå eit variert program med hardingfele, toradar, bygdedans og runddans. På scenen møtest små og store utøvarar i rørande samspel og dans!

Osterøy har eit rikt tilfang av slåttar med eigenart og det finst ein eigen springardanstradisjon. I forkant av jubileumskonserten vert det både kræsjkurs for nye dansarar og nørdekurs for røynde dansarar i springar frå Osterøy.

Etter konserten byr OSDL opp til dans med spel frå ulike grupper i laget.