OsloP på Riksscenen startar med foredrag om dansetradisjonane frå Finnskogen og arbeidet med å vekke dei til live att. Polsdansen på Finnskogen var den gjevaste pardansen heilt til han vart utkonkurrert av masurka og foxtrot. Heldigvis vart dansen filma i 1960-åra, og det er desse filmane som er grunnlaget for den dansen som er i bruk i dag.

Etter foredraget held vi kortkurs i Polsdans frå Finnskogen.
Veslemøy Nordset og Bjørn Sverre Hol Haugen har dansa i lag i mange år, både på scene og festgolv. Trippel siger på Landskappleiken og kongepokal var toppen på merittlista. På kurset freistar vi å formidle våre tolkingar av dansen, med den særprega rytmen i fokus.