Dei første vokalgruppene i folkemusikken, Tiriltunga og Dvergmål, bana veg for det spirande miljøet av dagens kvedarar som har gått saman i fleirstemt og unison samsong. På denne konserten møtest mange av dei aktive folkesonggruppene for første gong på same scene.

Det unike med desse vokalgruppene er at dei består av enkeltkvedarar som i tillegg til å drive med samsong i grupper er aktive folkesongarar i det solistiske formatet. Vi ønskte i tillegg å finne ut korleis det let om ein slår saman alle desse gruppene til eit gigantisk kvedarkor! Korleis let det når alle korsongarane er faktiske kvedarar?

I tillegg til vokalgruppene har vi invitert unge kvedartalent til å delta i koret. Kvelden vil by på mange høgdepunkt og overraskinger, og viss vi er heldige så kanskje vi får eit gjenhør med grupper som kom først og bana veg?

Treak: Marit Karlberg, Ingrid Lingaas Fossum, Ingeborg Onstad 

Aurom: Malin Alander, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Guro Utne Salvesen

HEKATE: Silje Risdal Liahagen, Synnøve Brøndbo Plassen, Malin Alander

Tostemt - Duo Groven Myhren / Karlberg: Øyonn Groven Myhren, Marit Karlberg

Kvedarkvintetten: Sina Myhr, Helga Myhr, Margit Myhr, Silje Risdal Liahagen, Tonje Risdal Liahagen

Folk Sessions Vokal-deltakarar: Martin Steinum Brun, Vera Sonne, Synnøve Brøndbo Plassen, Une Onarheim

 

Konserten er ein del av vokalhelga Kvedarkraft!
Denne helga samlar vi heile breidda av folkesongmiljøet – frå unge kvedartalent til legendariske utøvarar – til konsertar, songtreff og hyllestkonsert for Agnes Buen Garnås. Frå solistiske fyrispel til fleirstemt kvedarkor og opne songkveldar, og lansering av talentsatsinga Folk Sessions Vokal – Kvedarkraft løftar fram både arva og framtida til den vokale folkemusikken.