I denne konserten møter du kvedarane Berit Opheim frå Voss og Marit Karlberg frå Valdres. Dei har funne fram songar frå dei rike folkemusikktradisjonane dei er ein del av; stubbar frå stølen, viser, slåttar, salmar og bånsullar. På vegen har dei funne lokalt særpreg, men og slektskap i melodi og tekst. Bli med på ei reise og eit møte i folkesongen, over fjellet frå aust til vest og attende.

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.

Held fram einige, sterkare,
snåvar ikkje so lett i steinane:
Turrskodd skal ingen vassa oss no!

-Olav H. Hauge


Marit Karlberg - vokal
Berit Opheim - vokal