I dag har me fått kvedar Ingebjørg Lognvik Reinholdt og bassist Mattis Kleppen til oss på LilleRiksen. Her er det leiken, songgleda og fantasien som står i sentrum.
Ein energisk og moderne folkemusikkduo inviterer ungane inn i det rike universet av gamle barnesongar, groovy slåttar og fantasirike forteljingar – med høg grad av interaktivitet, improvisasjon, bevegelse og deltaking. Saman lagar vi nye vers, finn på bevegelsar og leikar oss gjennom musikken!
I tillegg vil vi at alle våre stemmeband skal få prøva seg, så kom og syng med UFO (Unge folkemusikarar i Oslo).
Ingebjørg Lognvik Reinholdt og bassist Mattis Kleppen møtest i sin felles fascinasjon for Telemarks folkemusikk. Eit møte kor Reinholdt kjem med eit stort repertoar og ei sterk forteljarrøyst, medan Kleppen har med seg sitt heilt særeigne slåttespel på bass. Dei lyttar, svarar og dreg i kvarandre undervegs – og let musikken få endre retning i augeblikket.
Utøvarar: Ingebjørg Lognevik Reinhold – Song
Mattis Kleppen – Bass

