Det er duka for stor gamaldansfest med tre grupper på scena for kvelden. Frå vestlandet kjem 3-B, frå austlandet Over Stok og Steen, som saman med husbandet Buss for Tog skal det leverast topp dansemusikk frå scena heile kvelden.
Legendariske 3-B er attende i manesjen etter lang tids dvale. Delar av medlemmene er dei same som på 90-talet, men nokre utskiftingar har det blitt. Gruppa vart noregsmeistarar i både klassene gamaldans og torader i 1996, og kom til finalespelet på Landsfestivalen same år. Dei er fleire gonger vestlandsmeistarar i gamaldans, og etter comebacket i fjor slo dei til med finalespel på både landsfestivalen og på Storefjell.
Rune Bergheim - torader
Siljan Bolstad - torader
Simen Håland - torader
Svein Håland - gitar
Erik Grøna - bass
Over Stok og Steen debuterte offentleg under Folkemusikktreffen i Vågå i 1997, så gjengen feirar snart 30 år i gamaldansens teneste. I løpet av desse åra har orkesteret spelt tallause timar til dans og halde store mengder konsertar. Dei har toppa Landsfestivalen i gammeldansmusikk fire gonger, gjeve ut fem plater der TUR frå 2022 fekk Folkelarmprisen. Gruppa er spesielt kjent for å ha hentet fram mye tradisjonsmusikk fra Hedmarken og er berykta for sin gode dansemusikk!
Thomas Lomundal - fele og hardingfele
Thomas Nilssen - trekkspill
Ronny Kjøsen - trekkspel
Morten Brattås, gitar
Frode Slupphaug, bass
Buss for Tog stiller som vanleg når det er duka for dansefest på Riksscenen. Det er dei gamle kuratorane for dansefestane som gøymer under konduktørluene, og i beste VY-stil, skal dei halde seg gamaldanssporet utan for mange signalfeil, avsporingar og forseinkingar.
Inge Gjevre - torader
Andreas Ljones - fele
Asgaut Bakken - gitar

