Onstad/Wallumrød er ein duo som speler folkemusikk og visesang i ein akustisk setting. Ingeborg Onstad syng og speler langeleik og Elias Wallumrød syng og speler gitar. Dei møttest på Norges Musikkhøgskole og har spelt saman i eitt års tid. 

Musikken er nær og gjenkjennelig. Dei blander eigne tekstar med eldre tekstar og nye tonar med gamle tonar. Duoen leiker i landskapet mellom tradisjon og nyare musikk med utforsking av formidling, modalitet og instrumentering. Dei har gitt ut fleire låter under Ingeborg Onstad sitt navn og prosjekt; Tida, Oslos gater og Min far for å nevne noko.»

Suigard er ein ny duo i spagat mellom tradisjon og nyskaping. Duoen består av Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar, og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele. Båe er studentar ved Noregs musikkhøgskule, der dei møttest hausten 2024 og raskt byrja samspelet. Sumaren 2025 brukte dei på å spele rundt i kongeriket, frå Helgeland til Telemark.

Suigard komponerer musikken sjølv, med eit særskild fokus på dansetakt. Repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt – noko som og speiler seg i ei litt uvanleg besetning. Dei hentar inspirasjon frå både keltisk og amerikansk folkemusikk, men mest av alt den nordiske. Du vil òg høyre inspirasjon frå jazz og rock. Med Suigard får du ei musikalsk oppleving i ny tradisjon - som får det til å rykkje i dansefoten.