Til denne framsyninga har Marianne Clementine Håheim skrive nye biografiske og poetiske forteljingar om Ola og Ivar Kjelstad, Anders Reed og Moses Paulen. I poesikonserten "Folkemusikken og forteljingane" les forfattaren tekstane i ei veksling med Britt Pernille Frøholm sitt slåttespel etter dei same spelemennene. I tillegg er framsyninga bygd opp med autentiske foto som vert viste på lerret undervegs i konserten. 

Marianne og Britt Pernille laga programmet til folkemusikkfestivalen i Førde i 2021 i samarbeid  og på initiativ frå Rom for ord. Dei litterære tekstane Marianne har skrive, gjer at spelemennene blir levande for lyttarane - med sine liv, draumar og kvardagar, slik dei hadde det, eller kan ha hatt det. 

Ho søker seg fram til dei med ein prøvande, spørjande tone - Korleis var det å gå gjennom livet med ei så sterk skapande åre slik vilkåra var då? 
Idun Losnegård ved teater Vestland har hatt regien for framsyninga. Ho har skapt ein dramaturgi som blir verande i ei form der den gode forteljinga og slåttespelet avløyser kvarandre på ein måte som gir ro og nærheit til historia og musikken. 

 

Britt Pernille Frøholm – hardingfele
Marianne Clementine Håheim – tekster