Vel møtt til ein historisk førjulskonsert med Elias Akselsen! Elias har invitert med seg musikalske vener og musikarar frå det reisande folket til en storslått heilaften på Riksscenen! Mange songarar og musikarar frå Romanifolket skal opptre, så dette vert ein kveld for historiebøkene.

Med si særeigne stemme og utstråling er Elias Akselsen den fremste representanten for romanifolkets rike musikk- og songtradisjon i Noreg. Gjennom eit langt og innhaldsrikt musikalsk liv har han medverka og gjeve ut ei rekkje plater og er tildelt fleire prestisjetunge prisar for musikken sin, med Norsk kulturråds ærespris i 2023 som førebels høgdepunkt.