Det underlege og vidunderlege fornkvedet om volvens spådom har fått ny musikalsk drakt av Øyonn Groven Myhren. Gjennom harpesong, gåtefulle klangar og suggererende rytmer får me høyre kva som har skjedd i ei ukjent fortid, og det som kjem til å skje i framtida.  

 Voluspå vart truleg dikta mot slutten av 900-tallet, midt i brytningstida mellom heidendom og kristendom. 

 Øyonn Groven Myhren har ei særeigen og fengslande stemme. Ho er ei folkesongar med lang fartstid, eit rikt repertoar og med fleire prisar og førstepremiar frå Landskapp­leiken. Særleg er ho kjend for utforskinga av balladar. Øyonn har vunne ei rekkje prisar, og vart i 2001 belønna med Spelemannprisen for albumet Nivelkinn saman med Odd Nordstoga. Ho er óg kjend frå kvedargruppa Dvergmål, duoen Sogesong, og ei rekkje samarbeid med musikarar som Bugge Wesseltoft, Sidiki Camara og SISU slagverksensemble. I tillegg til å kvede spelar ho seljefløyte, kraviklyre og basslangeleik, og ho lagar ny musikk i små og store format. 

 

Øyonn Groven Myhren – vokal, lyrer, seljefløyte
SISU slagverksensemble – ymse slagverk