«Om å vekkje hoggormen frå vinterdvale»

På konserten får du høyre hardingfeleslåttar spelt på hardangerlutt, eit heilt nytt instrument
konstruert av Lars Tørressen. Du får også høyre gudbrandsdalsspringleik på cister, gitar og munnharpe, finnskogmystikk på torader, og huldreslåttar på seljefløyte. Tom W. Rustad er særleg kjend for å revitalisere og utforske tradisjonsmusikkens moglegheiter på dei instrumenta han spelar. Han har vunne Landskappleiken ni gonger på fem ulike instrument, og vann i 2023 kongepokal i klassa for eldre folkemusikkinstrument. Han har spelt inn over 40 CD-ar, og tildelt Rff-prisen og Egil Storbekkens ærespris for sitt arbeid som pedagog og spelemann.

Tom W. Rustad arbeider som folkemusikkarkivar ved Gudbrandsdalsmusea, og er førsteamanuensis ved Ole Bull Akademiet.

Tom Willy Rustad - diverse instrument