PROGRAM

LØRDAG 23. november

10.00 - 18.00 Instrumentverksted (les mer) 


12.00 - 15.00 Foredrag: 
Benjamin Rygh om instrumentmakerstudiet ved USN
Benjamin Rygh er ansatt ved Universitetet i Sørøst-Norge, og er fagansvarlig for studiet i instrumentmaking. Han vil fortelle om tankene bak studieprogrammet, oppbyggingen av studiet som et årsstudium i begynnelsen, og hvordan studiet er bygd opp i dag som en bachelorgrad. Han vil også si litt om innholdet i studiet, forskning i undervisningen og hvordan langeleikbygging har vært og er integrert i studiet. I tillegg vil han si litt om egne forskningsprosjekter knyttet til instrumentmaking.

Sveinung Søyland Moen om “Museum i samspel” – eit nytt tverrfagleg samarbeid for vern og vidareføring av immateriell kulturarv
Musikkmusea Ringve og Rockheim har fått støtte frå Kulturdirektoratet til å gjennomføra prosjektet «Museum i samspel», som skal gå over tre år frå 2025 til 2027. Konservator Sveinung Søyland Moen vil presentera prosjektet og tidlegare arbeid ved Ringve Musikkmuseum som har leidd opp til dette. Hovudmålet for «Museum i samspel» er å utvikla nye metodar for dokumentasjon og tilgjengeleggjering av musikkinstrument i museumssamlingar, inkludert handverkstradisjonane desse representerer. Instrument knytte til sårbare norske instrumentmakartradisjonar, med langeleiken som døme, er valt som empirisk materiale. Museet ønskjer med prosjektet å skapa varige samarbeid mellom aktørar som arbeider med vern og vidareføring av immateriell kulturarv, med mål om styrking av dette feltet. Prosjektet er eit samarbeid mellom museum, utdanningsinstitusjonar, instrumentmakarar og organisasjonar, med partnarar både i Noreg og i utlandet.

Anders Røine om sin doktorgrad ved USN
Anders Røine kommer for å fortelle om sin nylig fullførte doktorgrad ved universitetet i Sørøst-Norge. Avhandlingen utforsker slåtterytmikk, mer bestemt ansatspraksis, på fire sentrale instrumenter i norsk folkemusikk - munnharpe, slåttetralling, langeleik og hardingfele. Ansatspraksis refererer til hvordan toner bindes sammen gjennom ulike teknikker på instrumentene. Studien tar sikte på å bringe inn ny empiri om fenomenet, samt å utvikle forklaringsmodeller for å belyse likheter og forskjeller i rytmikken knyttet til de ulike instrumentene. Forskningen er forankret i en etnomusikologisk tilnærming og bruker teoretiske begreper som affordance og materiell agens for å forstå hvordan ansatspraksis formes i et samspill mellom instrument, kropp og kontekstuelle faktorer. Gjennom metodisk innovasjon, og utvikling av notasjonssystemer, har studiet bidratt til å gjøre ansatspraksis håndterlig og øke forståelsen av denne lite utforskede siden ved norsk slåttemusikk. Undersøkelsene viser at ansatspraksis har klare tverrinstrumentale likheter og at det foregår en forhandling mellom tekniske løsninger og musikalske normer over tid. De avvikende funnene av synkron ansatsrytmikk i deler av materialet peker mot endringer i instrumentteknologi, institusjonalisering av spilleteknikk og nye musikkestetiske impulser. Avhandlingen utvider vår forståelse av slåtterytmikk og legger grunnlaget for videre studier av fenomenet".

 

 




18.00 Plateslipp: Ingrid Lingaas Fossum: Eit halvt tusenår  (egen billett)

20.00 - 21.30 Festkonsert: Levende langeleik i 500 år (egen billett)

22.00 - Dansefest (inkludert i festkonsert)

SØNDAG 24. november

10.00 - 12.00 Avrunding instrumentverksted (les mer)

12.00 - 15.00 Foredrag:
Niels J Røine om Langeleikfabrikken
Niels J. Røine kommer for å fortelle om Langeleikfabrikken, der de har utviklet sin helt egen langeleikmodell. Niels driver Langeleikfabrikken sammen med Øystein Husemoen, på Fåberg utenfor Lillehammer. Øystein er gitarmaker og møbeldesigner, og Niels bygger buer til strykere. De to instrumentmakerne har utviklet tre ulike serier med langeleiker, og jobber stadig med å videreutvikle modellen med ulike tekniske løsninger. Målet er en langeleik som skal passe inn i flest mulig formater, og utøver Anders E. Røine har vært og er en viktig drivkraft i utviklingen av instrumentet. I foredraget får vi høre mer om ideen og om utviklingen av langeleikmodellen, og om hvordan langeleiken kan brukes.

Gunnlaug Lien Myhr - Konsertforedrag om langeleiktradisjonen i Hallingdal med Andrea Søgnen, Eirin Lilleslett og Gunnlaug Lien Myhr.Dei siste tiåra har langeleikspelet i Hallingdal fått ei ny blomstring. Låttar har vorte tekne fram att frå arkiva og nye har vorte henta frå spel- og songtradisjonen i dalen. Andrea og Eirin vil, både i solo og samspel, vise langeleiktradisjonen slik me har den i dag, og Gunnlaug vil gje eit historisk overblikk over epokar og kjelder i Hallingdal dei siste hundreåra.Ingrid Lingaas Fossum blir med som gjesteartist og har med seg ein gamal langeleik frå Hallingdal.

Kjell Bitustøyl om langeleiken i Telemark
Med bakgrunn i eit innsamlingsprosjekt for folkemusikk i Telemark, det som seinare blei Folkemusikkarkivet i Telemark, tok Kjell Bitustøyl frå Rauland, busett i Bø, tidleg på 1990-talet, tak i ein meir eller mindre gøymt og gløymt langeleiktradisjon i Telemark. Bakgrunnen var todelt: Han hadde hatt ein oldefar som var den siste som spelte langeleik i Rauland, så at oppdaga han at der låg ein gøymt kunnskapsskatt i dei handskrivne notatane til folkeminnesamlar Rikard Berge. I tillegg dukka det opp opplysningar om at der fanst heile 56 norske langeleikar i eit museum i Stockholm, ca. 20 av desse var frå Telemark. Dette enda opp med ei utstilling i Rauland under Landskappleiken i 1994 og to-tre publiserte artiklar om langeleiken i Telemark, eit prosjekt som varte over fleire år. På eit tidspunkt arva Kjell langeleiken etter oldefar sin, dette var sjølvsagt stas. Og når denne langeleiken no har kome i bruk i Ingrid Lingaas Fossum sitt langeleikprosjekt, er det sjølvsagt ekstra stas! Og enda det er ei stund sidan han dreiv med dette temaet, har han likevel teke vare på ein heil del foto og historier knytt til prosjektet om langeleiken i Telemark. Langeleiken var vanleg her før hardingfela kom, men blei i stor grad blei fortrengt av nettopp dette «nasjonalinstrumentet» vårt som kom til Telemark vestfrå ein gong på 1700-talet og som breidde seg nedover heilt til Lunde omlag i Nome kommune. Og her ligg kan hende forklaringa på at området kring Ulefoss som ligg litt lenger sør – utanfor «hardingfeleområdet» men framleis i Nome – hadde att ei lita flik av ein ubroten levande tradisjon på langeleik, som einaste staden i Telemark.