Steinsgårdskroken spell- og danselag fyller 40 år, og i det høvet held dei jubileumskonsert og stor dansefest med over 20 gammaldansgrupper og spelemannslag på Riksscenen.

Kvelden startar med jubileumskonsert med jubilantane frå Steinsgårdskroken, for anledninga forsterka med Jutullaget, Terje Stensgård og Jan Visdal. Det vert innslag frå dansegruppa og toradergruppa til Steinsgårdskroken som har kan syne til ein medlemsmasse på over 60 personar i alderen 14 - 83 år.

Etter konserten vert det dansefest i hovudsalen på Riksscenen og i kafeen “Lille Oslo” i fyrste etasje. Her vert det servert mat og drikke langt utover kvelden, så ingen skal lide nokon naud .  Dansemusikk for kvelden er det Asker spell og danselag, De Frilynde, Dølalæte, Ganglaget, Hurdal og Nannestad TK, Jutullaget, Lendmenn, Lom spelemannslag, Mukampen spelemannslag, «Ola, Ragnhild og Hanne Kari», Randis gammeldansorkester, Sel og Otta spelemannslag, Skultbakkalaget, Sprell, Vågå spelemannslag, Vågå toradergruppe, Vågå trekkspillklubb, Østerdølenes spelmannslag m. fl, og ikkje minst jubilantane sjølve, Steinsgårdskroken!

 

Vel møtt til å jubilere og danse saman med landets mest ihuga gammaldansentusiastar!