Anten du har dansa pols lenge eller berre ei lita stund, har du truleg kjent på spørsmål du aldri har fått stilt! Då er dette danseverkstaden perfekt for deg!

 

⁃ Kvifor kjennest polsdansen fantastisk ut med ein partnar, men hakkete eller kronglut med ein annan?
⁃ Korleis kan eg best breske meg i polsdansen?
⁃ Har du nokon pols-sjekketriks?
⁃ Kvifor dansar ein to ulike rundsnurrar i rørospolsen?
⁃ Korleis unngå å bli overkøyrd når ein dansar med ein stooor partnar?
⁃ Dansepartnaren er full, eg orkar ikkje meir – kva gjer ein (og korleis kjem ein seg ut av situasjonen)?

 

Velkomen til dansegolvet – vi dansar fram svara på dei spørsmåla som dukkar opp!

Arrangementet er ein del av polsfestivalen OsloP


Kveldens orakel er Vegar Vårdal, og ho som set i gang undringa er Helen Engelstad Kvalem.

Polsverkstaden arrangerast i samarbeid med Balansekunst.  www.balansekunst.no