Riksscenen nyproduksjon
Bilde 24
torsdag
25
okt. 2018
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 300/200

JONAS FJELD OG KVARTS

Jonas Fjeld – folkekjær rockepoet frå Konnerud i Drammen. Etter musikalsk ungdomstid på brune kneiper og støvete danselokale har Fjeld sunge og skrive låtar som sitt dønn fast i den norske folkesjela.

 

Parallelt med store store hitar som «Engler i sneen» og «Hun kom», har  Fjeld snusa på tradisjonsmusikk i ulike tapningar. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og han har også hatt eit mangeårig samarbeid med det amerikanske bluegrassbandet Chatham County Line.

 

For nokre år sidan starta Fjeld eit samarbeid med folkemusikkgruppa Kvarts. Resultatet vart  romjulskonsertar i Drammens teater, og to turnear. Dette er til nå det næraste han har vore finnskogpols med skeiv tretakt og seljefløyta sin naturtoneskala.

 

Kvarts feirar 20 år i 2018, og har stadig nye musikalske prosjekt i ermet. Denne gongen gledes det til å ta opp att dette særdeles trivelege samarbeidet, der anglo-amerikanske tonegangar blandar seg med musikk vi likar å tru er urnorsk og eldre enn både nøkk og draug. Vel møtt til ein konsert med laus snipp og store øyrer både på spelemenn og forhåpentleg også publikum!

 

Spelemenn:

 

Jonas Fjeld – vokal og gitar

Ben Basgaard –  gitarar

 

Kvarts:

Jo Asgeir Lie –  trekkspel

Øystein Rudi –  fele

Tom Willy Rustad – bass, munnharpe, seljefløyte

Erlend Styve – gitarar

 

Lyd: Tor Magne Hallibakken

 

#3549646