VINJEFOLK er eit heilt nytt fokemusikalsk storband initiert av Vinjerock, for å spela konsert under årets festival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Bandet er sett saman av folk med opphav frå fire ulike land som til vanleg spelar i ulike band og representerer eit vidt spekter av sjangrar. Fellesfaktoren er at dei spelar, eller har spelt i eitt eller fleire folkemusikkband opp igjennom tida.

På feler er det skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet), Anders Hall (Sver, Sigrid Moldestad Band) frå Sverige og Hans Kjorstad (Vassvik, Reolo) frå Gudbrandsdalen. På klimpreinstrument finn me Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Ellen Brekken (Hedvig Moldestad Trio, Maar) på kontrabass. Det heile blir toppa med Anders Lillebo (Stampestuen, Eau de Vill) på orgel og munnspel og Knut Ålefjær (Helge Lien Trio, Kristin Asbjørnsen), som trakterer trommer og perkusjon.

 

Sarah-Jane Summers – fele
Hans Kjorstad – fele
Anders Hall – fele, bratsj
Hans Martin Austestad – banjo, gitar, vokal
Juhani Silvola – gitar, elgitar
Ellen Brekken – kontrabass
Anders Lillebo – hammondorgel, munnspel
Knut Ålefjær – trommer, perkusjon

 

 

 

Reolô
Inspirert av spelemannssogas spesielle karakterer, folk i nær kontakt med både naturen og de underjordiske, har to duoer, brødrene Hans og Rasmus Kjorstad, og Anders Røine/Hans Hulbækmo, laget verket Reolô. Tradisjonelle melodier i ny drakt, nykomponerte slåtter, segn og samtaler som inspirasjon til ferske kvad er utgangspunktet for det nye verket.

Folkemusikken har vandret over store områder før, og Reolô streifer innom både Vest-Afrika og India på veien gjennom dalførene hjemme. Den anerkjente kvartetten er utøvere innenfor et stort mangfold av musikalske retninger.

Anders Erik Røine – gitar, munnharpe, langeleik
Hans Hulbækmo – perkusjon, munnharpe
Hans Kjorstad – fele
Rasmus Kjorstad – fele

 Denne kvelden kompletteres med ytterlig et band som forløpig er en hemmelighet....