I 2022 er det hundre år sidan felespelaren Hjalmar Fjellhammer vart fødd. Hjalmar sovna og vakna til felespel og hadde leikene sine i all hovudsak etter faren, Jonas Dokken (1883-1957). Jonas fór vidt omkring med fela og fiskestanga si og møtte mange spelemenn på ferdene sine. Hjalmar vart dokumentert av mellom anna Folkemusikkarkivet for sør- og midt-Gudbrandsdalen og NRK, men Erik Bjørke vart den som lærte seg mest av det store reportoaret hass Hjalmar. Dei to vart etterkvart grannar og saman dyrka dei interessa for fiske og felespel. Hjalmar døydde i 2006, 84 år gamal. Rasmus Kjorstad har etterkvart lært seg mange av desse leikene og denne kvelden er ei hylling av ein stor tradisjonsbærer.

 

Etter konserten blir det dansefest med Sør-Fron Spelemannslag.

Erik Bjørke - fele 
Rasmus Kjorstad - fele
Sør-Fron Spelemannslag