Dagprogram:

Kl.12.00-14.30 Dansekurs -  Gratis
Dansekurs. Hamborgar, polka med støyt, med meir. Runddanstradisjon frå Hardanger er sterk, men ikkje altfor mange nyttar den aktivt. Her får alle høve til å lære meir dans frå området.

Kl. 15.00-16.30 Ein smak av Hardanger
Kjøp her: Egen billett 200 Begrenset antall billetter!
Sidersmaking og forteljingar frå Hardanger
Laurdag 22. september kl. 1500 på Riksscenen i Oslo kan du i ein heil time få smaka på fleire sortar sider og eplemost frå Hardanger. Innimellom kjem Kvitanesen(Torbjørn Ljones) til å krydra stunda med tekstar som også har røter i Hardanger.
Sideren er frå Asbjørn Børsheim og Nils Lekve, begge framståande produsentar frå Ulvik. Dei har utvikla den norske sideren og gjort han tilgjengeleg både på gardane sine, i butikken og på Vinmonopolet.
Denne dagen kjem smakane til Riksscenen. Ingvil Skeie Ljones fyller i glasa og Kvitanesen fortel om Hardanger, om sideren og litt om folk frå vest.
 

Kl.18.00 – 19.00 Fyrispel: Knut Hamre - plateslipp
Kjøp herEgen billett 100 
Knut Hamre slepper plata «Slåttar frå Granvin», og har med seg Ruth Lillegraven.
Knut Hamre er meister med hardingfele og har vunne Landskappleiken heile sju gongar. Like imponerande er arbeidet han har gjort som pedagog i kulturskulen og som læremeister for dei fremste hardingfelespelarane vi har i Norge i dag.

Kveldsprogram:

Kl.20.00-21.30 Jubileumskonsert med Hardanger Spelemannslag: 70 år!
Kl 22.00 Dansefest

Kjøp her:  Billetter 200/150