Gro Marie Svidal er ei av dei mest anerkjende og virtuose folkemusikarane våre, med lang erfaring i sceniske produksjonar. Oppveksten i Svidalen, midt i det rike folkemusikkmiljøet i Jølster, dannar grunnlaget for Gro Marie Svidal si karriere som allsidig, kreativ og hardtarbeidande folkemusikar. Her var hardingfelenestoren Sigmund Eikås hennar viktigaste læremeister. Ho studerte seinare ved Ole Bull akademiet og Norges Musikkhøgskule og har master i folkemusikkformidling med vekt på den munnlege kommentaren si rolle i konsertformidling. Ho har fleire gonger gått til topps i Vestlandskappleiken. I 2014 gjekk ho til topps i klasse A i hardingfele på Landskappleiken på Geilo.

 

Gro Marie Svidal – hardingfele