Trioen Geitungen feirer 25 år som band med seks eksklusive konsertar i Noreg! Det er over ti år sidan dei spela saman sist så dette er ein sjeldan moglegheit til å høyre eit av landets eldste folkemusikkband i levande live. Du får høyre låtar som ein gong var populærmusikken blant festsugne utkant-rogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans - hits frå ei svunnen tid. 

Geitungen spelar desse låtane i tråd med godt dansespel frå nettopp desse kantane og denne tida. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar. Gjennom sitt lunefulle og eggande spel, tar Geitungen lyttaren med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland.   

 

Vidar Skrede - hardingfele, fele og gitar
Olav Christer Rossebø - fele, mandolin, mandola og gitar
Håvard Ims - toradar

Etter konserten: Dansespel med folkemusikkstudentar - NMH