Rakkarpakk er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. Med påverknad frå, og dyrking av andre sjangrar, som tidlegmusikk, improvisasjonsmusikk og ensemblesong, skapar gruppa sitt unike uttrykk.

 I musikken fokuserer dei på ein improvisatorisk tilnærming til arrangering, som ivaretek den solistiske kvedartradisjonen, men òg utfordrar dei etablerte rammane for vokal folkemusikk i ensemblesamanheng - dei er Rakkarar!

Vera Sonne - vokal
Victoria Oftestad - vokal
Martin Steinum Brun - vokal

 

 Fränder frå Uppsala består av vener og familie som har funne saman gjennom skog og over hav gjennom musikken. Med tunge grooves, duggfriske songstemmer og kreative arrangement dreg dei publikum inn i eit heilt særeigne musikalske landskap. 
Etter det kritikerroste debutalbumet frå 2017 har Fränder turnert flittig rundt i verda, og skapt seg eit navn som eit særs spennande band innanfor den moderne folkemusikken. Utgangspunktet er svensk og estisk folkemusikk, men med eit åpent sinn dreg bandet uanstrengt inn vekslar frå andre sjangrar.  


”Det uppstår skön kontrast mellan det där pådrivande rockiga soundet och den klockrena sången.” - LIRA

 

Med varme og sjarme manar Fränder fram ei mektig konsertoppleving der fløyte, fele,  sekkepipe, munnharpe, mandola, tamburin og bass lagar medrivande melodiar og suggerande riff. At det heile vert toppa med to trommeslagerar, den eine Björn Tollin frå legendariske Hedningarna, gjer Fränder til ein urkraft du ikkje vil gå glipp av! 

 

”Kvartettens både varme, virile og imødekommende udstråling kan højst skuffe de allermest forhærdede sjæle.” - ROOTZONE:DK

 

Säde Tatar – fløyter, song
Alva Granström – song, fele
Gabbi Dluzewski – mandola, song
Daniel Dluzewski – kontrabass, song
Andreas Berglund – slagverk
Björn Tollin – slagverk