I høve den kritikerroste soloplata Laysongs legg Chris Thile ut på Europaturné i oktober og november, og me er stolte av å kunne presentere den verdskjende mandolinisten her på Riksscenen.

" By the time he was a teenager, Chris Thile was already a bluegrass prodigy on mandolin; he’s since evolved into a MacArthur Grant-winning, genre-defying musical genius." – NPR

 

Laysongs er Chris Thiles fyrste reindyrka soloalbum der berre stemma og mandolinen hans er dei berande elementa. Plata inneheld seks eigne komposisjonar og tre coverlåtar som alle kontekstualiserer rundt tankane og ideane hans om spiritualitet. Plata nikkar til kjende komponistar og musikarar som Buffy Sainte-Marie, Béla Bartók og Johann Sebastian Bach, og hentar inspirasjon av tekstar frå Dionysos til C.S.Lewis og Leonard Cohen.  

" Nowhere has master mandolinist Thile’s formidable mastery been more fully realized than on Laysongs. An intimate gaze into the soul of a preternaturally gifted musician." – Songlines

Chris Thile er kanskje mest kjend som ein av grunnleggjarane til bandet «Punch Brothers» og som medlem av trioen «Nickel Creek». Han har vunne Grammy fire gonger og har motteke ein mengd andre prisar og utmerkingar. 

 

Chris Thile – vokal, mandolin
 

les mer om artisten her: https://www.christhile.com