Silje leikar åleine. Ho likar å vere åleine, men ikkje alltid! Ein dag blir ho kjend med Merete Morskogen, den beste venninna du kan ha.

Silje Åleine er ei forteljing om barndom som mange kan kjenne seg att i. Ho er skulejente, men om ettermiddagane leiker ho åleine blant leikestativ i ein barnehage som er stengt. Sjølv om Silje har det fint i si eiga verd, kjenner ho seg etter kvart meir og meir einsam, og ynskjer seg veldig at nokon andre barn vil kome. Og ein dag kjem Merete Morskogen, ei jente ingen andre har møtt eller sett. Silje Åleine er ei framsyning om einsemd, vennskap og fantasiens makt – og om å bli ven med seg sjølv. Ei framsyning der musikk, dans, song, forteljing og skodespel har like stor plass.

Silje Onstad Hålien er dansar, skodespelar og koreograf. Ho er kjend for blant anna  framsyninga “101 hattar å sparke før eg døyr”, og gjennom rolletolkingar som Smirre Rev på Västanå teater og Fossegrimens dotter på Det Norske Teatret. Ho har hovudrolla i “Pøbel i pels” som i 2017 vart spelt på Riksscenen for tredje år på rad. I 2015 blei ho kåra til årets folkemusikar, av heile folkemusikk- og folkedansbransjen på Folkelarm. Silje er oppteken av å bruke det folkelege materialet innanfor musikk og dans i eit samtidig uttrykk. Ho er månadens artist på Riksscenen i februar/mars 2018.Førestellinga er skapt i samarbeid med dramatiker Jesper Halle, og produsert i samarbeid med Riksscenen.Regien er ved Jimmy Meurling. Musikalsk ansvarleg er Selma Bolstad, og ljosdesign er ved Sture Moslåtten. Forestellinga er støtta frå Fond for utøvande kunstnarar

 

Silje Onstad Hålien - koreografi , dans
Selma Bolstad - komponist, vokal, feler, lyre
Lars Andreas Haug - tuba, armensk fløyte
Kenneth Ekornes - perkusjon
Vegar Vårdal - feler, orgel
Jesper Halle - manus
Jimmy Meurling - regi
Andreas Ljones - produsent

 
Stemmer: 
Kari Onstad - "Mamma"
Vegar Vårdal - "Konferensier"
 
Opptak og mix - Fridtjof Lindeman

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjenner du han her? Dette er lille Riksen, en liten tass som virkelig er glad i barn og produksjoner for barn. Ser du han på produksjonen, så kan du være sikker på at dette er en opplevelse for deg, og kanskje for hele familien? Du kan også følge oss på Instagram,LilleRiksen og på Facebook.